Kulturhistoria


Ein norsk nasjonalskatt!

Om me ikkje tek vare på historia vår - så forsvinn ho.

For oss i Gamalostlaget er det viktig at me når ut med at Gamalosten smakopplevingar i verdsklasse.

Råstoffet i osten er kortreist mjølk, produsert av stolte bønder og kyr i bygda vår.


Heilt attende i Vikingtida, altså så lenge Noreg har vore definert som det vi kan kalle ei nasjonal eining, har det versert soger om ein ost som vi i dag kallar Gamalost.

Vi må inn på 1700-talet før denne osten vart kalla med nemninga Gamalost.

Gamalosten er myteomspunnen av historier på folkemunne. Det vi veit er at han mellom mykje anna har vore brukt som ”sårsalve” i folkemedisinen. Folk oppdaga nemleg at han fekk sår til å gro snøggare. I tillegg vart han brukt som lækjemiddel mot mageknip saman med si framifrå evne til å fordøye tungt fordøyeleg mat.


Gamalosten etablerte seg også i fremste rekke som potensmiddel. Kong Christian VIII av Danmark var ein storetar av Gamalost. Var det ein av grunnane til at han vart far til 10 bornutanfor ekteskap?

I Kong Harald V si signingsferd i 2002, fekk han smake Gamalost då han kom til Vik i Sogn. Dåkongen vart beden om å rangere Gamalosten sa han: ”På en skala fra 1 til 10 vil jeg gi Gamalosten 11. ” Så tok han endå ei dugeleg tugge av Gamalosten med smør under for å vise at han meinte alvor midt i spøken.

Kong Harald tek ei dugeleg tugge av Gamalosten.

 

Vik Meieri

Vik Meieri vart stifta i 1897 og er Norges eldste meieri. Det er og det einaste meieriet i Norge som produserer Gamalost!

 

Beskytta geografisk nemning

 
 

Gamalosten fekk av stiftelsen Norsk Mat i 2006 tildelt den beskytta geografisk nemninga «Gamalost frå Vik». § 3.2 i forskrifta stadfestar at «Gamalost frå Vik skal produserast i Vik kommune.»

 

Olavsrosa

 
 

Gamalosten er tildelt Olavsrosa. Kvalitetsmerket Olavsrosa blir tildelt opplevingar av særleg høg standard, med omsyn både til kulturhistorie og formidling. Til grunn for tildeling ligg ein vurdering av opplevingstilbodets kulturhistoriske verdi, korleis kulturarva blir ivareteken og formidla til publikum.