Vik - ei kulturhistorisk skattekiste

Den vakre vestlandsbygda Vik ligg i si eiga lille bukt ved Sognefjorden.

Omringa av fantastiske fjell på tre kanter og fjorden på ein fjerde, byr Vik på

fleire autentiske lokalmatopplevingar innramma av eit vakkert landskap.

 

 

Tine Meierier som produserer Gamalost og bringebærjuice ligg midt i sentrum og er ein viktig arbeidsgivar for den lille bygda vår. På meieriet finn du ein eigen kafè der ein kan prøve Gamalosten rett frå kilden.

 

 

Vik er dog meir enn berre Gamalosten. I Vik finn du mellom anna Norges største bringebærproduksjon, lokale delikatesser frå Vikjakjøt og økologisk iskremproduksjon frå Alm Gard i nabobygda Feios.

 

 

Vik har og ei rik kulturhistorie. I bygda finn du Hopperstad Stavkyrkje fra ca. år 1130, Hove Steinkyrkje frå ca. år 1140 og Fritjovstatuen gitt i gåve frå den tyske Keiser Wilhelm II i 1913.

Til Vik kjem du med båt, buss eller bil og me oppmodar alle til å ta ein tur hit.