Tingsete 2024


Norsk Gamalostlag held Tingsete (årsmøte) under Gamalostfestivalen, laurdag 1. juni kl 18:00 på Meieriet.

Om nokon vil melde inn sak til tingsete lyt dette gjerast seinast to veker før via mail post@gamalost.no.

Me vil gå igjennom kva me har jobba med i året som har vore, i tillegg til vanlege årsmøtesaker. I år er fleire av styremedlemmane på val, så me oppmoar alle som kan og vil å stille til val slik at me sørgar for ostens framtid! Ta gjerne kontakt med oss så me får gitt beskjed til valstyret om du vil med.

Både medlem og dei som elles vil kan delta på årsmøtet. Påmelding på Gamalostlaget si stand framfor Meieriet under Gamalostfestivalen. Om du ikkje rekk å melde deg på før, er du meir enn velkommen til å møte likevel.

Deltakaravgift for ikkje-medlemer er kr 300. Desse blir automatisk medlem i Norsk Gamalostlag og kr 200 av deltakaravgifta blir brukt til årskontingent for 2022. Deltakaravgift for medlemer er kr 100.

For påmelding eller meir informasjon, kontakt: Gamalostlaget via epost: post@gamalost.no


  • Dato: 1. juni

  • Klokka: 18:00 og utover

  • Stad: Meieribaren


Saksliste

  • Årsmeldinga

  • Val av nye medlem til Gamalostlaget sitt styre