Gamalost reaksjonsvideo
7. May 2014
Oppskrift: Gamalostdraum
9. May 2014

Kjem gamalost på blå resept?

Gamalosten, dette svalestupet av ei smaksoppleving med stadig fleire dokumenterte, positive helseeffekter; når kjem han på blå resept? ”Han er så dyr”, seier enkelte. Ja, i så fall, er ikkje det endå ein grunn til at han bør komme på blå resept!?

Tenk dykk å få fyrste apoteket i verda som sel gamalost slik at folk med dei rette plagene kan dra dit og henta rasjonen sin på blå resept. Det hadde vore noko det! Kortreist vil han vera også, berre eit brukbart diskoskast frå det einaste meieriet i verda som produserar han. No kan eg formeleg høyra skeptikarane rasla med sablane. Til dei vil eg seia: Bruk dei, sablane altså, heller til å skjera dugelege skiver av gamalosten i staden for å hogga hovudet av gode og idear.

Russen som strevar med hugsaløyse og eksamensnervar burde eta gamalost no i russetida fordi han verkar positivt inn på læring og hukommelse. Når det i tillegg er dokumentert potensfremjande kraft, må eg få lov å spørja; kva ventar de etter, løp og kjøp!

Dei som har tendensar til høgt blodtrykk finn også lækjedom i gamalosten. Det er dokumentert. Har du mageknip og vanskar med fordøyinga hjelper det godt med gamalost. Han er i tillegg full av protein og såleis god til å byggja musklar med. Dessutan inneheld han nesten ikkje feitt.

For dei forfengelege har gamalosten ein kostfiber som heiter kitosan. Den vert brukt i kosmetiske produkt, mellom anna mot rynker. Det som er viktigare er at kitosan kan førebyggja leddgikt, har slankeeffekt og har positiv effekt på Diabetes 2.

Vitskapen har no oppdaga gamalosten og det kjem stadig nye oppdateringar som stadfester denne osten sin fantastiske effekt. Svært mange som kvittar seg med fordommane mot gamalosten oppdagar også at han smakar godt og kan nyttast saman med svært mange sortar mat. Difor bør det vera duka for å få gamalost på blå resept. Vik Apotek bør i den samanheng absolutt bli det fyrste apotek i verda som kan skilte med eit slikt lækjemiddel på menyen.

Henning Rivedal – gamalostelskar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *