Oppskrift: Panert torsk i gamalost
20. April 2017
Oppskrift: Gamalostsnacks
20. April 2017

Ingrediensar:
200 g pastaskruer
3 dl Creme Fraiche, eller meir
sitronsaft 
1 boks skinke, skoren i fine terninger
ca 130 g tørka aprikos, hakka litt grovt
ca 100g Gamalost, skoren i fine terninger
5-6 finskorne, grovhakka ringar rødløk
2 stk stangselleri, tynt skorne (kan sløyfes)

Framgangsmåte:
Kok pasta i vatn med litt salt og kjøl ned. Bland Creme Fraiche og smak til med sitronsaft , litt salt og nykverna pepper. Bland avkjølt pasta, skinke, aprikos, løk og stangselleri. Rett før servering blandar du inn dressingen. Gamalosten skal blandast inn til slutt, eventuelt dryssast over på toppen av salaten. Dersom salaten verkar tørr, kan du ha i litt meir Creme Freiche eller rømme.

VIKTIG! Gamalost må tilsetjast heilt til slutt, rett før servering, for å unngå harskning!!

Håpar pastasalaten fell i smak.

Comments are closed.