‘’Gamalosten er mager som ei skorfast geit.
Han er saftig som ei hugteki ungmøy.
Han har 50 gonger meir protein enn brystmjølk.
Smatt og smak!’’

Gamalost er ein muggost, produsert av skummamjølk. Den inneheld 50% protein og <1% feitt. Den er tilført muggkultur, type Mucor mucedo.
Modning av Gamalost:
Muggkulturen vert påført utpå osten. Denne gjer at osten modnar innover mot kjerna. Dette gjer at kjerna i osten av og til er lysare enn resten av osten.
Gamalost er 10 dagar gammal ved pakking. Den vert fryst ned for å stoppa modninga og få rett aroma.
Osten tåler godt å verte frossen på nytt i passe porsjonsbitar. Dette er å anbefale for dei som ynskjer stoppe modninga (liker ferskare ost).
Ved distribusjon vert den teken ut av frys og sett på kjøl.
Osten får ”best før” merking 10 veker etter uttak frys. Modninga startar då opp att.
Osten endra smak/konsistens under modning. Osten får preg av ”umami” etter 4-5 veker på kjøl. Denne aukar ved lengre lagring på kjøl.
Gamalost vil i løpet av modningstida i kjøleskapet få sterkare smak og mørkare farge. Den vil også få litt fuktigare konsistens.
Osten kan velmodnast på kjøl men da helst i originalpakning om ynskjeleg. Da vil ein oppleve unik smak av Gamalost.
Tradisjonelt har osten hatt ein lysare veriant (litt mindre modna) som er distribuert ut på vestlandet. Nå vert lysare ost distribuert ut i nærområdet til meieriet og via Ostebaren i Vik.

Norsk Gamostlag, v/Jens Brekke,  6893 Vik i Sogn
Mobil: +47 915 25 682
epost: post@gamalost.no
Verdas einaste Gamalostmeieri ligg i Vik i Sogn