Kjem gamalost på blå resept?
8. May 2014

Me har fått 59 nye skinnbrevmedlemmer. Me har kapasitet til mange fleire. Skinnbrevi er fine presangar til slike som har alt, og du er i tvil om kva du skal gje dei til jul? I Osteboki inni Gamalostaltaret på Ostebaren har osten/me fått mange helsingar, ikkje minst frå små kludrande og rablande teiknenevar. Til å byrja med tykte me det var trasig at Osteboki vart rabla i av slike ”småkrek” som ikkje viste kva dei rabla i. Men – kvifor ikkje? Det gjeld å byrja med dei medan dei er små, skal dei få eit godt tilhøve til Gamalosten. Enkelte slike små ”rekrutthelsingar” er rett og slett sjarmerande. Dei som har levd så lenge at det er naturleg for dei å eta Gamalost, hugsar vel frå folkeskulen, frå Bibelsoga: ”Lat småborni koma til meg, hindra dei ikkje, – – Mange andre stolte helsingar frå vaksne finst også i boki. Ta dykk tid til å bla litt. Du kan lesa det du forventar å finna i ei slik bok, pluss mykje meir som du ikkje hadde venta å finna. Det provar at Gamalostfamilien er ein stor og ueinsarta familie, heldigvis. Både osten, etarane og hatarane har ein spennande og samansett biokjemi, og bindemiddelet vårt er Gamalosten.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *