Gamalosttinget 20.mai kl 18.30
16. May 2018

GAMALOST KONTRA SNEGLESLIM, AV HENNING RIVEDAL

Eg ser på nettet at det no er ein internasjonal trend å smørje andlet inn med snegleslim for å få finare hud. Verda vil så gjerne haldast for narr og det er slik det alltid har vore der menneske ferdast.

Som ivrig gamalost etar og medforfattar av bok om gamalost saman med min betre halvdel ønskjer eg å stille opp denne fantastiske og nyleg prisløna osten mot snigleslimet. Gamalost inneheld mellom anna store mengder av det viktige stoffet kitosan. Kosmetikkindustrien skaffar seg dette stoffet til hudprodukta sine mellom anna frå rekeskal, sjølv om dei inneheld mykje mindre enn gamalosten av dette stoffet. Om det er kitosan i snigleslim har eg ikkje funne ut endå.

Frå gamalt av var det kjent at gamalost vart brukt å smørje på sår og hud, men den gong vart ofte den gode verknaden øydelagt av at folk ikkje vaska av seg gamalosten etter at dei hadde smurt seg inn.

Vitskapen har i seinare tid teke til å interessere seg for gamalosten og mytane om han. Dei finn at mange av dei positive mytane stemmer. Likevel er det liksom vorte ein slags nasjonalsport i Noreg å ikkje like gamalost, trass i at det no er påvist at han har positiv innverknad på mange av livsstilplagene våre. Eg nemner i fleng så som fordøying, diabetes og blodtrykk.

Smak av gamalost laga i Vik i Sogn i regi av Tine Meierier er lett å venje seg til, viss du gidde å skjere deg ei skive grovt brød og legge på godt med meierismør både over og under osten. Det underlege då er at smør og gamalost blandar seg i kroppen på ein slik måte at smøret ikkje vert usunt.

Kanskje skulle kvisete damer prøve gamalost smurt i andletet og så vaske han vekk etterpå i staden for å bruke krem og skiver av agurk? Gamalosten stiller berre eitt krav og det er at du handsamar han med reinsemd. Fram gjennom historia har nettopp ureinslegheita til folk synt seg i form av dårleg laga gamalost, og så har ryktet vorte deretter. Eit ordtak kallar dette å rette bakar forsmed.

Dei tidene er no slutt. Mi erfaring med gamalost er iallfall så gode at eg ikkje tek fem øre for å skryte av han. Still knappen for sinnsstemning på OPEN og gje deg tid til å smake. Måtte han smake deg vel!

Comments are closed.