Gamalosthistorie frå den tid osten kunne vera ramsterk
Kjøleskapet er Gamalostn sin reformasjon. Før kjøleskapet si tid kunne ikkje modningi stoppast. Osten kunne bli krusterk og til slutt utvikla ammoniakk. Då skulle han for lengst vore kasta.
Det einaste som reduserer farten på modningi, er temperaturen. Til lågare temperatur, til seinare modning. I fryseboksen stansar modningi heilt, og osten held seg mild.
I gamle dagar, då osten fekk ‘’utvikla’’ seg gjennom varme sumarmånader, kunne han forpesta både huset og den som åt han.
Ein drikkeglad kar langs Sognefjorden hadde ein svært streng kjærast. Ho let ikkje opp ytterdøri om laurdagskveldane, om ho mistenkte han hadde drukke. Då var prosedyren at han måtte pusta inn gjennom lyklaholet. Var aromaen alkoholfri, fekk han inn. Denne kontrollen var han klar over, så han førebudde seg med ein krusterk gamalostmole for å få ein rettare aroma på utpusten. Han banka på døri, og kjærasten kommanderte pust inn i lyklaholet. Han hadde nett tugge i seg heile ostamolen, drog pusten, og bles. Frå innsida av døri vart det heilt stilt, før det kom: ‘’Neeeiii! Eg sa du skulle blåsa, – med munnen, sjølvsagt!’’

Norsk Gamostlag, v/Jens Brekke,  6893 Vik i Sogn
Mobil: +47 915 25 682
epost: post@gamalost.no
Verdas einaste Gamalostmeieri ligg i Vik i Sogn

© Powered by SmartVik